lørdag 19. desember 2009

Stakaldneset og helleristningane i Ausevika.

På Stakaldneset produserte steinaldermenneskja steinøkser i 4000 år heilt til jarnet vart oppfunne. Øksesteinbrotet vart gjenfunne ca. 1980. Ein spesiell vulkansk bergart eigna seg godt til økser. Nærast ein geologisk og arkeologisk sensasjon, men noko utilkomeleg. Ausevika er eit stort helleristningsfelt frå Steinalderen i Høydalsfjorden i Sunnfjord. Her finn ein t.d. helleristningar som berre har sin like på vestsida av Nordsjøen. Kanskje var der samband over havet i steinalderen den gongen innlandsisen stengde vegen mot aust ? Verkeleg gode utfluktsmål, men då må ein vite kva ein leiter etter. Då treng ein denne videoen !

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar