torsdag 21. mars 2013

Krigsseileren Helge Andresen f. 1921, adr Larvik. Veteran frå Atlanterhavet, Nord-Afrika, Normandie og Sørishavet !


Min nabo her i Rekkevik ved Larvik, 92 år gamle Helge Andresen, er fødd i 1921, og gjekk til sjøss i 1938 16 år gamal. Han segla heile krigen på tankbåt mellom Amerika og England med bensin til dei allierte, han var ombord i den første båten som kom til Tunis med ammunsjon etter invasjonen i Nord-Afrika, og han tok del i invasjonen i Normandie i Frankrike.  Han opplevde torpederingar, bombing og mange krigshandlingar, men kom sjølv uskadd gjennom krigen. Og etter at han kom heim i 1946, begynte han som kvalfangar i Sørishavet. Om krigstida fortel han i ein timeslang video. Dette er verkeleg  krigshistorie med minimal glorifisering !

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar