fredag 4. januar 2013

Shetland-turen med Tante Grønn i 1986.

Vi var eit mannskap på 4 personar utan nevneverdig navigasjonskunnskap som siglde over Nordsjøen  frå Sunnmøre til Lerwick på Shetland med ein Comfort 30 seglbåt sommaren 1986.  Vi brukte 38,5 timar frå Stad, og med stø nordleg vind, styrte autopiloten stort sett heile vegen. På tilbakevegen hadde vi mest svartestille og skodde, og måtte gå for motor. Navigasjonen var enklare enn i Vikingtida, for oljeplatt-formene stod tett, og over VHF-radioen gav dei oss kompasskursen mot Lerwick. Å ta seg ein slik vekes segltur til Shetland om sommaren, er ikkje noko å stusse på!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar