onsdag 5. september 2012

Storm og forlis på Sunnmøre

Då tante Klara budde hos oss i Ørsta i 1974 og 75, fortalde ho ofte om forlis før i tida. Eg tok ein gong video under ein storm på Runde, og eg fekk følgje ein båt ut om Runde då Arisan forliste. Å livnære seg av havet i gamle dagar, var farleg. Men folket hadde knapt noko val. Mange fekk ei våt grav på Søre Sunnmøre. Underleg nok kjenner eg ikkje til at dei hadde redningsutstyr i dei åpne båtane. Dei var nok overtydde om at skjebnen var bestemt på førehand. På ein måte er det ganske sutalaust !

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar