mandag 2. april 2012

Jorunn og Kjetil sitt bryllaup i Ålesund i 1990.

Dette er første bryllaupet som eg har video frå. Mange av førre generasjon, som no er borte, var tilstades og talte. Å sjå desse folka på bilete er ein ting, men å høyre stemma deira og korleis dei ordla seg under ein bryllaupsfest, er både lærerikt og kjekt. Brudeparet fekk med kvart 4 etterkomarar, og truleg vert det mange fleire i neste generasjon. Videoen om korleis slekta begynte, vil difor få aukande verdi ettersom åra går. Videoen er på 45 min.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar