fredag 10. juni 2011

Navigasjon i Stillehavet

Ein DVD for alle som drøymer om seglas i Stillehavet. I tillegg til å vise korleis øybuarane for 1000  år sidan navigerte og kryssa mot ver og vind, får de vere med Bjørg og meg som gjestar til sydhavsøya Taweva i Fiji-øyriket i 1992. Ein annan seglbåt har besøkt ei avsidesliggjande øy som heiter Tikopia.  Eg har sjølv sigla to gonger til Shetland nesten utan navigasjons-utstyr, og veit korleis retninga av vind, skyer og bølgjer saman med sola, gjev påfallande korrekt navigasjon. Slik navigerte vikingane våre, og slik gjorde dei det i Stillehavet også. Ein tankevekkjande film i vår GPS-tid !

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar