Mor var 85 år gamal, og syntest ikkje at ho kunne fortelje i Måløy at ho skulle på ei vekes Amerikatur. Folk kunne tru at det hadde rabla for henne. Men ho greidde turen godt, sjølv om ho måtte mest smile i staden for å snakke. Vi køyrde rundt med bil. Høgdepunktet var byen Columbus der Turid kjøpte 132 ugler og mor kjøpte krus og hattar i bruktbutikk. Ute på Prærien i Wisconsin å besøke grava til Ragnvald Klovning, som ho hadde gått for presten saman med i 1922, var rørande. Sjølvsagt besøkte vi også mykje slekt.
Bøker laga av Hans Kragset
for 5 år siden
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar