tirsdag 22. mars 2011

Seglbåten TANTE GRØNN over Nordsjøen til Shetland i 1986 og 1987.



Eg har kryssa Nordsjøen til Shetland tur - retur 2 gonger med "Tante Grønn". Båten vår var ein Comfort seglbåt på 30 fot. Vi navigerte etter vind, bølgjer, kompas og radiosamtaler med oljeplattformer. Sjølv om dette er berre 25 år sidan, var vi nok nærare Vikingtida enn moderne satelittnavigering . Det var ei oppleving å sigle i kjølvatnet til vikingane med tilnærma same utstyret. Sommarstida er dette ei passeleg utfordring for folk som likar havet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar