Anders Steinhovden, brørne og faren Bertil, bygde mange båtar. Slekta kom frå Å i Hyen, og bygging av trebåtar på eldgamal måte, hadde lang tradisjon i slekta. Arne Steinhovden, bror til Bjørg, fortel om reiskapa dei brukte, og der er samtale med Anders om verksemda. Anders bygde 2 færingar for oss då før plastbåtar var kome i bruk. Færingane er framleis heilt intakte i naustet på Leikong, men er nok no mest for museumsting å rekne. Til trollegarnsfiske er dei svært godt eigna. Somme tider lurer eg på om eg er den siste som driv slikt fiske. Det har vorte for mykje arbeid å greie ut krabbe !
Bøker laga av Hans Kragset
for 5 år siden
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar