lørdag 19. desember 2009

Dollsteinhola på Sandsøya

Dollsteinhola på Sandsøya på Sunnmøre er 200 meter djup og svært trong å kome inn i. Mange segn er knytt til hola. Hola ligg på sør-vestsida av øya, og berre i lagleg sjø er der mogeleg å lande. Men ein kan gå over fjellet frå Helland, eller langs fjørå frå Skare. Helst bør ein ha med førar om ein vil inn i hola. Eg har vore heilt i botnen 2 gonger utan førar + ein gong fast i ei sprekke halvvegs inne. Bildevideo med tale frå området rundt og frå sjølve hola heilt inn i botnen. På plata ligg også eit lydbandopptak med Gerhard Bringsvor frå 1971. Han var svært flink å fortelje, og hadde vore førar i hola i fleire mannsaldrar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar