tirsdag 5. november 2019

Opplevingar under krigen

På Kvamsøya og i nærleiken låg 5 tyske batteri for å verne skipa som kom rundt Stad mot angrep frå engelske fly.  På øya vår var nesten like mange tyske soldatar som nordmenn. Ved flyangrep sprang vi i kjellaren. Eg var augevitne til då "Hans Leonhard" med 3000 tonn ammunsjon vart bomba og esploderte. Havet var fullt av rekved etter torpederingar og forlis. Eg skriv her om ein barndom svært få i Norge opplevde.  Dei vaksne var så opptekne av krigens gang at vi ungane fekk leve våre eigne liv både på land og sjø. Ungar var det nok av, og skjebnetrua gjorde at livvestar og symjing ikkje var naudsynt. Snakk om barndom ! 150 sider med opplevingar på grasrotplan !

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar