fredag 2. mars 2018

Historier frå Måløy

Mor var heile sitt liv interessert i veving, brodering, sying og handtverk. Far var flink å teikne, og på sine eldre dagar dreiv han mykje med treskjering. Eg har fotografert og omtala mange av desse tinga, og i tillegg skrive diverse historier frå tida i Måløy. I samarbeid med bror Pål i Ålesund laga eg ca. 1991 eit hefte med mange av far sine prologar og dikt. Han var ein mykje brukt talar. På plata ligg også historier frå tida på Auli i Nes kommune i Akershus, og frå andre stader dei hadde budd. Innhaldet på denne plata er eigna til lesing for den etter kvart talrike slekta etter Karen og Annfinn. Eg har t,d, rekna ut at dei har 30 oldebarn, og forhåpentleg vis kjem snart tipp-oldebarna !

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar