søndag 6. mars 2011

Sjøbruk og fiske under krigen

Eg budde heile krigstida 1940 til 45 på Kvamsøya, første øya nord for Stad på Søre Sunnmøre. Far min var lærar på nordsida av øya. Vi hadde færing og 3 trollegarn. Dertil fiska vi med dorg, pilk og line. Når vi så dyrka våre eigne poteter, hadde 4 - 5 sauer, og fekk kjøpe mjølk av gardbrukarane, overlevde vi krigen utan å trenge kjøpe særleg mykje anna enn salt og sirop. Til dagleg brukte vi trelappar som fottøy. Sjøvatnet rann då like fort ut som inn, og til overmål flaut dei på sjøen. Eg begynte i skule 6 år gamal, og frå då fekk eg ferdast fritt på sjøen i færingen vår. Liv-vest høyrde eg ikkje om, og vi lærde å ta vare på oss sjølve.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar