mandag 7. mars 2011

Frukost, kvelds og kaker

Då storparten av bileta av mat var brukte, sat eg igjen med det ein kan kalle diverse. Eg hadde fotografi av måltid i Steinhovden, her heime og andre stader. Å sjå korleis bordet er dekt, og kva mat som er vanleg å sette fram, er litt kultur det også. Når folk kom innom på besøk, måtte det alltid settast fram kaffi og kaker.  Slike vafler, sveler og kaker til dagleg bruk var ulikt julebaksten. Dertil lager Bjørg gode bløtkaker.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar