På 1980-talet kjøpte eg mange reisevideoar i Tyskland. Dei var rimelege, og verka mest som reklame-videoar for dei ymse land. Men landskapet har endra eg lite, og det er god tyskundervisning. Vi har sjølve besøkt Gran Canaria , Lanzarote og Tenerife og La Gomera. Frå kvar av turane våre har eg laga DVD-ar, men eg må nok berre innrømme at det er litt forskjel på profesjonelt og privat arbeid. Ei anna underleg sak er at å gje privatlaga videoar til framande, er litt vanskeleg. Å gje kopierte videoar er ulovleg. Mitt håp er at tida vil endre på lovverket slik at ikkje alt digitalt materiale går tapt !
Bøker laga av Hans Kragset
for 5 år siden
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar