torsdag 17. mars 2011

Neuruppin og Berlin i Aust-Tyskland 1990..

Sommaren 1989 køyrde vi rundt i Polen med campingvogn i 3 veker. Der trefte vi 2 aust-tyske damer som slo seg i lag med oss. Dei fortalde om demonstrasjonar og motstands-rørsla i Aust-Tyskland. Muren i Berlin vart opna seinhaustes 1989, og i februar 1990 laste vi bilen med 7 skrivemaskiner og masse A4-papir, og køyrde til Neuruppin i Aust-Tyskland for å ta del i revulosjonen. Bjørg var på møter i kvinnegruppa , og vi kom oss inn i Berlin for å hjelpe til med å rive Muren. På denne DVD-plata ligg både ein bildevideo med kommentar på 25 min., og ein videofilm på 1 tme. På videofilmen er samtaler med venene våre i Neuruppin og autentiske opptak frå Brandenburger Tor og muren i februar 1990.  Dette er verkeleg ein historisk DVD!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar