onsdag 10. desember 2014

Året 1950 på Heissa ved Ålesund. CD-plate med tekst og foto.

Etter snart 4 år i dei djupe skogar på Austlandet lengta foreldra mine tilbake til Vestlandet med hav og fjell. Far fekk seg lærarpost ved Heissa skule kloss ved Ålesund, og vi flytta inn i skulehuset hausten 1949. Vi fekk oss færing og trollegarn, og mange kjekke leikekameratar.  Men butilhøva var dårlege, og far starta ganske snart å søke ny jobb. Han fekk styrarstillinga ved Skram skole i Måløy, og vi flytta dit i romjula 1950. På denne CD-en ligg dei fotografia eg har frå Heissa-tida saman med ei  kort soge om tida der. Til Måløy flytta vi saman med alt vi eigde ombord i ein rutebåt, som eg meiner heitte "Klungnes", og som gjekk til Bergen. Då vi runda Stad, hugsar eg far spurde: " Kvar bur de no?"

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar