torsdag 18. april 2013

Janne Steinhovden sin konfirmasjon 1989.

Janne vart konfirmert i Eikefjord kyrkje i mai 1989, og selskapet etterpå vart halde heime i Steinhovden. Underleg nok var eg der med video-kamera, og no snart 25 år etterpå har slike opptak historisk verdi. Menneskja, kleda og skikkane endrar seg, men jammen var dei flinke å lage til fest den gongen. Der var mange gjester både frå nord og sør, og her møter ein dei både i levande video og som fotografi i ein bildevideo med kommentar. For den etter kvart store slekta frå Myra i Steinhovden trur eg dette må få aukande interesse !

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar