søndag 26. januar 2014

Hans som dekksgut på rutebåten Måløy 1953

Rutebåten Måløy med mannskap på 8 gjekk i rutefart i Nordfjord frå Selje i nord, Kalvåg i sør og Stryn i aust. Då før bilar, bussar, store lastebilar og fly var komne i vanleg bruk, vart varer, post, folk og dyr frakta med rutebåten. Han kom eit par gonger i veka, og då møttest folk på kaia for å høyre nytt. Eg hadde jobb mykje av sommaren 1953 som dekksgut i slik fart. Eg lasta  og lossa, styrte og vaska på dekk, og var i det heile ein del av mannskapet. Opplevingane var viktige, og å tene pengar var også kjekt. Denne DVD-en gjev innsyn i ei verd som forsvann.

1 kommentar:

  1. Hei.
    Denne såg kjekk ut. Kan eg få kjøpe eit eksemplar ? ( Håper på litt rabatt sidan eg kjenner hovudpersonen). Du kan godt ta den med til konfirmasjonen i april, så sparer eg/du porto. Mvh Kari

    SvarSlett