søndag 7. oktober 2012

Mallorca september 2012

No i september 2012 fekk vi vere med Asle, Jakob og Jonas til Mallorca i ei veke. Vi budde på sørkysten i ei leiligheit. Asle leigde bil med full tank for heile veka på flyplassen, og vi køyrde mykje rundt på øya for å bruke opp dieselen. Vi åt middag kvar dag på resturant, og bada mykje både i sjøen og i symjebasseng. Denne DVD-en viser korleis ein kan vere ei veke i syden , og oppleve mykje til ein rimeleg pris. Asle hadde fått Jakob og Jonas fri frå skulen ei veke. Saman med oss fekk dei mykje opplæring om andre kulturar, og  i  å ta seg fram i verda. T.d. lærte eg dei nattes tider korleis ein finn ut om månen veks eller minkar !

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar