fredag 2. mars 2018

Historier frå Sunnfjord

I 2016 vart det halde eit slektstreff i Steinhovden for etterkomarane etter Anna og Anders Steinhovden. I det høve samla og skreiv Bjørg mange historier frå oppveksten der. Dertil har Anna, mor til Bjørg, skrive "Bestemor sitt album" om tida både heime i Redalen og seinare i Steinhovden.  Sjølvsagt har eg også skrive diverse om båtbygging og turmål. I tillegg har eg plukka soger frå andre kjelder. Amerikaslekta  både frå Redalen og Steinhovden er omtala. Her er altså mykje dokumentarisk stoff for den talrike slekta både frå Steinhovden og Nordvik i Redalen. Ettersom vi buset oss over heile verda, trur eg slikt kjenskap til røtene sine vert stadig meir etterspurd.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar