onsdag 9. november 2022

Dåp og konfirmasjonar

Vi har 10 barnebarn, og alle er døypt og konfirmert. I denne boka ser ein fotografi med namn på personane frå desse familiesamkomene. Ein ser korleis dei såg ut den gongen, og svært mange av damene hadde bunad. Eg har også funne alle dikta som Bjørg skreiv til kvar av konfirmantane. Dette er altså fotografisk historie av både Kragset-familien og svigerfamiliene.

mandag 17. januar 2022

Vold-slekta frå Halden

Far-slekta til barnebarna mine her i Larvik kjem frå største garden i Skjeberg kpmmune i Østfold. Slekta var opprinneleg stor, men som vanleg er i vår tid, er ho spreidd utover og kontaktene vert mindre. Ei bok som denne er derfor viktig for oppveksande og framtidige slekter. Fotografi og omtale av personar i fleire generasjonar bakover i tid vil verte endå meir interesseant i framtida. Alle foto og tekster kan skannast og brukast på nytt. Eg har meir tru varigheita på papir enn digitalt.

Karen og Annfinn sine hobbyar

Då før TV, bilar, butikkar, aviser, internett og radio var kome i bruk, hadde folk betre tid. Menn snikra, dikta, fiska, slakta og dyrka jorda. Kvinnene fødde barn, kokte ,baka, vaska, strikka, vov, broderte og mjølka. Denne boka gjev eit fotografisk glytt inn i vår nære fortid. Mine foreldre ser ut til å ha hatt god tid, og den nytta dei til produksjon heime. Boka er til inspirasjon for dei som vil skaffe seg nye hobbyar. Kanskje kan ho også brukast i historieundervisning.

torsdag 22. april 2021

Vår oppvekst på Kvamsøy, Auli, Heissa og Måløy

Eg har svært mange fotografi frå min oppvekst, og faktisk trur eg at eg fekk dei fleste etter foreldra mine. Men mange av bileta er små og i svart-kvit. Skal framtidige generasjonar få glede av dei, må dei forstørrast og skrivast om. Det har eg gjort i denne boka. Bilete er meir sannferdige enn ord, og gjev grunnlag for eigne tankar om levemåte og utsjånad. Dei kan også skannast og brukast på nytt av mange. For meg er det ei ære at flest mogeleg har glede og nytte av boka. Larvik 16. mai 2021 Hans Kragset

mandag 8. februar 2021

Anders Redal. Haugianar-emissær og ordførar.

Anders Redal var fødd i 1811 og døde i 1896. Han var ordførar i heimbygda der i Sunnfjord, og han reiste i 50 år som talar rundt i heile Sør-Norge. Mor til Bjørg kom frå Redalsgrend, og ho var oldebarnet til Anders Redal.På sine eldre dagar skreiv han eit dokument på ca. 90 sider om reiseverksemda si på 1800-talet. I tllegg til si religiøse oppgåve fortel han om korleis han gjekk, overnatta og fekk seg mat. Verkeleg Norges-historie på grasrotplan!

lørdag 5. desember 2020

Turmål i Norge

Når ein reiser rundt i Norge, treng ein kunnskap om interesseante reisemål. Sidan 1950-talet har vi reist og fotografert mykje, og no har barnebarna mine bede meg lage ei bok om turmål. Dette har så vorte ei bok på 150 sider med ei side for kvart reisemål. No til dags finn ein lett opplysningar om alt på mobilen, men ideane må ein tenkje ut sjølv. Det er denne boka godt eigna til. Men fordi mange av fotografia viser personar på tur i vår famile, passer ho best for slekta.

torsdag 1. oktober 2020

Båtbygging i Steinhovden

I 100 år har dei bygd båtar i Steinhovden. Siste 60 åra har eg teke mange fotografi av dette arbeidet, og no har eg saman med historier fortalt både av meg og slekta laga ei bok om denne verksemda. Boka er ikkje vitenskapeleg, men eigna for vanlege folk. Den tid sjøen var vegen og båten framomstmiddelet, var slik bygging av mindre båtar avgjerande for busetnaden. Dette er vår nære historie som no er slutt.