onsdag 31. januar 2018

Vedeld-slekta

I Pålgarden i Vedelda på Rovdestranda hadde gardbrukaren heitt  Paul eller Pål sidan 1600-talet, og det heiter han framleis. Etter Sunnmørsk målestokk var Pål-garden flat og stor med rikeleg fjellbeite. Dei deltok i vinterfiske ute i øyane, men elles dreiv dei jorda heime. Mor mi, Karen, var ei av 5 søsken, og alle fekk store slekter etter seg. På CD-en finn ein vita om foreldra mine og både foreldra og besteforeldra deira. Dertil mange historier og fotografi frå siste 100 åra. For folk som leiter etter røtene sine, er her mykje som kan skrivast ut.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar