onsdag 31. januar 2018

Redalslekta

Slekta i Redalen var sterkt påverka av haugianismen. Ein av forfedrene hadde midt på 1800-talet reist rundt i Sør-Norge som emisær, og vart seinare ordførar i bygda.  Barneflokkane var store, og mange i slekta reiste til Amerika rundt 1900.  Bjørg sine besteforeldre der i Redalen hadde ein svært liten gard, og dei var plaga av sjukdom. Ei tante av Bjørg døde av tuberkulose 30 år gamal.  På denne CD-en kan ein lese vita om generasjonane bakover frå og med Bjørg sine foreldre, Anna f. Nordvik og Anders Steinhovden.  Ein finn historier om livet i Redalen og om Amerikaslekta. Bjørg sin onkel, Alf Nordvik, kjøpte ein litt større gard, bygde nytt hus, var postmann i bygda og klokkar. På plata ligg eit langt skriv av Anna om hennes oppvekst.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar