søndag 29. desember 2013

Livet på Kvamsøya under krigen. CD-plate med tekst og fotografi.


I minst 60 år har eg  skrive om opplevingar på Kvamsøya under krigen. For å oppleve liknande, må ein i våre dagar til krigsområder. På vegane patrjulerte soldatane, i lufta dura og small det, på sjøen eksploderte båtar og folk drukna, og på landjorda fekk vi ungane vere i fred. Dei vaksne hadde anna å tenkje på.  Fjæra var full av plank, inventar, små brannbomber,og en sjeldan gong ei hornmine. Miljøvern var ikkje oppfunne, og den rådande skjebnetrua gjorde at vi kunne ferdast fritt på både sjø og land.  På denne plata får ein lese om det meste, og dertil kan artiklane skrivast ut. I tillegg får ein sjå fotografi frå turar til Kvamsøya i nyare tid.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar