
Kanskje var eg ein av dei første som fekk reise med eit norsk marinefartøy til Afrika etter krigen. Statsministrane i Norge og Sverige, Einar Gerhardsen og Tage Erlander, besøkte skipet før avreisa frå Horten, vi vart mottekne som standspersoner av offentlege myndigheiter i Casablanca i Marokko, og vi opplevde andre kulturar før charterflya si tid. Vi var 270 mann ombord, og eg vart ikkje trekt ut til sight-seeing-turar korkje i Casablanca, Tanger, Arcachon eller Pourtsmouth. Offiserane inspiserte alle som skulle på turar, men heldigvis kontrollerte dei aldri kven som gjekk på bussane! Difor denne DVD-reportasje frå starten på dias-fargefotograferinga !
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar