søndag 5. oktober 2014

Årsetfjorden i Nord-Trøndelag 1936 - 39. CD med tekst og bilete.

Far, Annfinn Kragset, tok lærarskuleeksamen i Volda i 1934, og fekk sin første faste lærarpost i Årsetfjorden like ved grensa til Nordland fylke i 1936. Der levde eg mine 2 første leveår, og faktisk har eg mange fotografi og historier frå den gongen. Eg reiste derifrå før eg var 2 år gamal, så eg har litt problem med hukommelsen, Men foreldra mine fortalde mykje, så holroma er fylte. Eg har no treft Gunvor Lundseng Johnsen i Porsgrunn, og også hatt kontakt med Helge Kiil. Dette er ei CD-plate som kan sjåast på PC, og som det kan skrivast ut frå.  I alle høve er her mange gamle fotografi og dokument.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar