lørdag 26. mars 2011

Maribell til Vestindien 1956.


Maribell er seglbåten til Elin og Dag i Larvik. Ho er 53 fot lang, og har segla verda rundt 2 gonger. På denne DVD-plata ligg ein kort svart-kvit film utan lyd, men med tekster i filmen frå 1944. Dertil ein ca. timelang fargefilm med svenske kommentarar frå ein segltur til Vestindien i 1956. Det vert fortalt om båten, mannskapet og seglinga over Atlanteren frå Kanariøyane. Meir torer eg ikkje skrive ettersom eg eig korkje båten eller videoen. Om nokon ynskjer denne historiske dokumentasjonen om segling på dei store hav, må dei difor ha løyve frå eigarane.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar