mandag 28. mars 2011

Tur med Solfrid og Vidar til St.Tropez 1981

Vi har lege 15 gonger på Camping des Tournels 10 km vest for St. Tropez og berre 2 km frå Pampelonnestranda. Dette er eit landleg område utan store byar, der er mange plassar å gå turar, og byen St. Tropez har ein stor parkeringsplass i tillegg til å vere ein møtestad for fasjonable båtar og menneskje. Vidar Steinhovden er søskenbarn til Bjørg, og på denne turen var han, kona og dei tre borna med.  Det verka som dei tilpassa seg camping- og badelivet på Rivieraen svært godt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar