tirsdag 13. november 2012

Lanzarote november 2012

Hausten 2012 var vi i Puerto del Carmen på Lanzarote i 14 dagar. Temperaturen var mellom 23 og 32 grader, sjø- og bassengtemperaturen ca. 21 grader, veret for det meste lett overskya og eit par dagar kom korte regnskurar.  Vi leigde bil i 10 dagar, og fekk med oss alle dei viktigaste severdigheitene på øya. I tillegg til soling og eting på restaurantar vart dette nok opplevingar for dei fleste av oss.  Lanzarote er den kanariøya eg meiner der er mest å oppleve. Aktive vulkanar, lange underjordiske holer, kakutshagar og svart lavalandskap. På denne DVD-en får ein med alt !

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar