fredag 24. januar 2020

Ekspedisjonslege i Vesterisen 1977

I snart 3 månader i 1977 og 1978 var eg lege for ca. 200 selfangarar i Ishavet mellom Jan Mayen og Grønland. Eg dikterte i diktafon dagleg om opplevingane mine, og eg tok 100-vis av fargebilete. Dette har no vorte ei svært orginal bok på 140 sider. Boka er kansje ikkje heilt profesjonell, men til gjengjeld autentisk og orginal. Ei liknande daglig diktert og fotografert bok frå Vesterisen finst ikkje ! Alt dette er no historie. Eg lurer på korleis det går med dei 1000-vis av selungane som ikkje vert fangsta !

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar