torsdag 6. mars 2014

Vinterferie 2014 på Arabu ved Møsvatn.

Kari og Tore hadde for ei veke i vinterferien leigt hytte med 3 soverom, bad med badstu + stort opphaldsrom med kjøkken, spisebord og sofakrok i 900 meters høgd ved Møsvatn. Eg synest dette var ein god deal for kr. 6000 inkludert varme, ved, brøyting og straum. Nesten endå betre var at dei inviterte Bjørg og meg til å besøke dei der, og gå på ski + feire Helene sin 15-årsdag. Der var djup snø, men også litt snødrev og skodde. Vi gjekk på ski med innlagt matpause 2 av dagane, og eg må seie det vart litt travelt i motvinden. Sjølve gjekk dei opp til 2,5 mil ein dag utan å ta synleg skade. Eg kan vanskeleg tenkje meg at besteforeldra mine hadde funne på noko slikt !

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar