onsdag 16. januar 2013

Kari og Tore sitt bryllaup i 1994

Kari og Tore gifta seg i Ørsta kyrkje 9. juli 1994, og festen etterpå var i Rjånes Ungdomsenter. Masse familie og vener både til middagen og kaffien etterpå. Dette må vere det best dokumenterte bryllaupet eg har, for i tillegg  til DVD-plata på dette bilete, har eg ei plate på 2 timar og 10 minutt video + ca. 200 fargebilete.  Her kan svært mange frå begge familiesider + vener av brudeparet både sjå og høyre seg sjølve frå snart 20 år sidan. Dertil fins mange som ikkje lenger er mellom oss her på jorda. Kvaliteten på videoane frå den tida var ikkje god, men med litt velvilje kjenner ein igjen dei fleste.

1 kommentar:

  1. Hei morfar. Jeg vil kjøpe dene dvden. Håper den ikke er dyr. hilsen Mathias

    SvarSlett