mandag 27. februar 2012

Polarskutene Fram, Maud, Gjøa og Veslekari.

Livet er fullt av tilfeldigheiter. Eg har vore 2 sesongar ekspedisjonslege i Vesterisen mellom Grønland og Jan Mayen, 13 år doktor på Vartdal, og no til slutt bur eg i Rekkevikbukta i Larvik. Tidenes mest berømte polarskute, Fram, vart bygd i Rekkevika i 1892, ca. 300 meter frå der vi bur no. Veslekari var heimehøyrande på Vartdal til ho forliste ved New Foundland i 1961. Gjøa har eg sjølvsagt besøkt på Bygdøy, og no har eg nye bilete frå der Maud ligg og rotnar nord i Canada i påvente av transport heim til Norge. Eg fann difor ut at eg var den rette til å lage DVD om desse 4 skutene.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar