onsdag 31. januar 2018

Steinhovdenslekta

Steinhovden-slekta kom frå Å i Hyen, og hadde båtbyggjartradisjonen med seg derifrå. I generasjonar var dei gardbrukarar og båtbyggjarar. Dei var påverka av haugianismen. Bjørg sine besteforeldre, Susanne og Bertil Steinhovden, hadde 9 born. Fleire av dei, mellom anna far til Bjørg, Anders, utvandra til Amerika på 1910- og 20-talet. Simon fall i 1. verdenskrig, men alle hine kom heim. Ein vart prest, og 2 vart lærarar. På CD-en finn ein vita om fleire generasjonar bakover, og omtale av alle nolevande. Ein kan også skrive ut mange historier og fotografi.  Dette er lett tilgjengeleg slekts- og bygdehistorie. Verda har verkeleg endra seg kollosalt siste 100 åra !

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar