mandag 9. januar 2017

Slektbesøk i USA

Slekta i Minesota og Wisconsin kjem frå Teigen i Barlindbotn nær Steinhovden. Tanta til Anders, Bjørg sin far, var inngifta i Hopeteig-slekta, og  fleire av dei har besøkt oss i Norge. Vi  har  hatt stor glede av å besøke dei 7 gonger i Midt-Vesten. Og det kan sjå ut som dei har glede av å vise fram slekt frå gamlelandet Norge. I alle høve samlar dei slekt og vener for samvær med oss! Kvar gong har vi leigd eller lånt bil, og køyrt vide ikring. Å køyre i USA er greit. Dette er bilens heimland. Vi hadde med mor mi, Karen, då ho var 85 år, og mor til Bjørg, Anna, då ho var 89 år. Begge greidde seg godt, sjølv om engelsken var mindre god. På denne CD-en ser ein dei fleste slektningane, og i tillegg får ein oppleve Niagarafossen, presidentane i fjellet i Mount Rushmore, og Prærien med museum om dei første nybyggjarane. Dertil Vichie på besøk til røtene i Steinhovden i 2013.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar