mandag 21. januar 2013

Vartdal kyrkje

For 30 år sidan vart det laga ei brosjyre om denne kyrkja, kvifor og korleis ho vart bygd, og om måleria og inventaret. Denne brosjyra er grunnlaget for denne DVD-en.  Her får ein altså både sjå og høyre. Ein slik video gjer kyrkja og innhaldet i henne tilgjengeleg for folk flest. Faren er sjølvsagt at tjuvar og kjeltringar får førstehands imformasjon. Om det er gagnleg eller skadeleg for dei, er ei anna sak. Eg meiner å hugse at Oddvar Sætre var sentral i laginga av brosjyra. Seinare flytta han til Ørsta sentrum, og vart grannen min der. Ein kveld besøkte han meg, og las Juleevangeliet inn på video. Han meinte dette kunne vere nyttig for folk som sjølve ikkje var flinke å lese høgt. I alle høve ville han at Juleevangeliet skulle vert brukt på julaftan !

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar